Eivind Kandal

Intro

Eivind Kandal er solistpraktikant i Den Norske Opera & Ballett sesongen 17/18.

Eivind Kandal kjem frå den vesle bygda Kandal i Sogn og Fjordane. Han avslutta si utdanning ved Operaakademiet i København våren 2017.

I 2012 debuterte han som operasongar i rolla som Nicolo i operaen Querini på øya Røst i Lofoten, og i 2015 fekk han sin debut på Det Kongelige Teater i København som Gastone i La traviata. Hausten 2017 vert han å sjå som Håkon i jubileumsframsyninga Sildagapet på Opera Nordfjord.

På repertoaret til Eivind står mellom anna roller som Peter Quint i The Turn of the Screw, Male Chorus i The Rape of Lucretia og Ferrando i Così fan tutte, i tillegg til ei rekkje kyrkjemusikalske verk.

Han har i fleire år vore artist på mellom anna Oslo Operafestival, Trondheim Kammermusikkfestival og Kirsten Flagstad Festival. I tillegg har han sjølv vore med på å produsert ei rekkje framsyningar og konsertar som har turnert rundt i både Aust-, Vest- og Nord-Noreg.