8. desember

Herborg Kråkevik Julekonsert

Herborgs juleselskap

Ferdigspilt

Intro

Herborg Kråkevik gav i fjor ut jule-cd-en Jul i stova, med kjære julesongar. Denne vart svært godt motteken både av kritikarar og publikum. I år gjev ho tre julekonsertar med songane frå denne cd-en, og den eine finn stad i Operaen 8. desember 2013.

Som den framifrå underhaldaren ho er, vil Herborg gje publikum noko meir enn vakre julesongar og fine julehistoriar; ho vil at me skal le òg.

Me går jo no inn i ei tid med stor forventning, travelheit og for nokon kanskje prestasjonsangst, og andre til og med kanskje med frykt for korleis det skal gå i år. Me er jo som kjent svært forskjellige, men det virkar som om lengsla etter den perfekte jula pregar oss alle, uansett om me har stor kjernefamilie, samanspleisa familie med dine og mine barn eller om me er einsame og lengtar etter selskap.

Difor inviterer Herborg til eit inkluderande juleselskap, og forutan publikum og musikarar er Arne Hjeltnes hedersgjest. Han vil med sine underfundige og humoristiske tekstar hjelpa Herborg med å knyta juleselskapet saman, og få oss til å kjenna oss varmt velkomne. Arne Hjeltnes er nok den beste kjøgemeisteren eller viseverten selskapet kunne få, så dette vert ein konsert til å koma i skikkeleg godt førjulshumør av! Og som Herborg seier om juleselskapet; me skal verta både rørte, trøysta og oppglødde!

    Forestillingsdatoer

    Ferdigspilt

    • Scene
      :
      Hovedscenen
    • Pris
      :
      400 - 500 NOK
    • /
      Ingen pause

    desember 2013

    Ferdigspilt