26.–28. november

Johnny & Mariann

Ferdigspilt

Intro

I 1901 ble Norges første kvinnelige kommunestyrepresentant, Ingeborg Torstejnson, valgt inn i Elverum kommunestyre. Slik oppstod ideen om en en-akters kammeropera om kvinners stemmerett i Norge. I forestillingen følger vi Johnny og Mariann gjennom ett døgn, der fokuset ikke bare er på det historiske bakteppet, men viser også hvordan striden for sosial likestilling mellom kvinner og menn har endret livsformene våre.

I rollen som Mariann finner vi Maren Myrvold, mens Lars Eggen spiller Johnny. Musikken er komponert av Knut Anders Vestad.

Edvard Hoem har skrevet librettoen til forestillingen. Han forteller selv: "To unge menneske, Johnny og Mariann, som kjenner kvarandre frå barndommen, men lenge ikkje har hatt kontakt, møtest, og søt musikk oppstår. Ja, den er så søt at Johnny, som hadde eit tidlegare forhold og fått ein son, flytter inn hos Mariann etter kort tid. Så forelska er dei, at Mariann vaknar med morgonkvalme ein dag og trur ho er gravid. Sjølv om Johnny ikkje er utan skyld i at ho etter alle solemerke skal ha barn, blir han veldig opprørt ved dei utsiktene han ser framfor seg. For når ei kvinne får barn, vedrører det farens situasjon på ein heilt annan måte enn før. Johnny, som har planar om å bygge ein serie med utleigehytter og slå seg opp og tene pengar, synest det passar utruleg dårleg.

Han seier like ut av Mariann, dersom ho er gravid, heller får kvitte seg med barnet. Det slår utruleg dårleg an, ho ber han forsvinne, og i timane som følgjer, er stemninga mellom dei meir enn dårleg. Johnny har fått for seg at kvinnfolka bestemmer meir enn godt er, og er fullt og fast bestemt på at han ikkje skal gi etter. Mariann på si side har ingen planar om å innrette seg slik Johnny ønsker. Ho blir tvert imot sikrare på sitt standpunkt fordi ho arbeider med ei utstilling om kvinnestemmerett på biblioteket, og om stemmerettsforkjemparen Ingeborg Torstejnson frå Elverum, som var ei av dei første kvinnene som kom inn i eit kommunestyre i Norge. 

Striden om kvinners rett og kvinners plikter ligg under heile denne historia. Striden mellom Johnny og Mariann om kven som skal gi seg – og kva som skjer når ingen vil gi seg – kastar lys over dei situasjonane som oppstår når kvinner ikkje lenger automatisk vil bøye av og innrette seg slik mannen vil. Løysinga på floken skal ikkje røpast her. Men bakteppet er tydeleg. Kampen for kvinnestemmeretten førte til full seier i 1913, kvinnene fekk stemmerett ved alle val, rett nok femten år etter at mennene fekk det. Kampen for likestilling har pågått like fram til no, og det er ein fare for at det som er oppnådd, blir oppfatta som sjølvsagt. Da er det viktig å minne om at likestilling og demokrati ikkje er oppnådd utan kamp, og at likestillinga kan bli sett tilbake dersom vi ikkje stadig minner kvarandre om kva som måtte til for at kvinner og menn skulle koma på like linje. Dei gamle haldningane er utruleg seigliva, og det er berre vidare politisk kamp som kan avgjera korleis det skal utvikle seg i framtida. Ingen ting er viktigare enn at nye generasjonar får kunnskap om kva det har kosta å nå dit vi er i dag, og at dei går inn i den politiske debatten og tar ansvar, ikkje minst ved å bruke stemmeretten når det er val.

Johnny og Mariann handlar om likestillinga i eit forhold mellom ein kvinne og ein mann, men haldningane og konfliktane her heng sjølvsagt saman med dei haldningane og ordningane som rår i samfunnet for øvrig. Kampen for lover og praktiske ordningar som sikrar full likestilling, er ikkje slutt. Det er eit ansvar for dagens unge å føre det beste i likestillingskampen vidare, til glede for dei som no er unge kvinner, og dei som er unge menn."


Forestillingen er produsert av Musikk i Hedmark.

  • Piano Gunnar Flagstad
  • Cello Ellen Flesjø
  • Manus Edvard Hoem
  • Musikk Knut Anders Vestad
  • Regi Gudrun Glette
  • Baryton Lars Eggen
  • Sopran Maren Myrvold

    Forestillingsdatoer

    Ferdigspilt

    • Scene
      :
      Prøvesalen
    • Pris
      :
      75 - 220 NOK
    • /
      Ingen pause

    november 2013

    Ferdigspilt
    Ferdigspilt
    Ferdigspilt