Hopp til hovedinnhold
Handlekurv Min side

Putli Hellesen

Danser

Putli Hellesen (f.1996) er ein norsk-filippinsk dansekunstnar frå Florø. Med base i Oslo arbeidar ho både skapande og utøvande innanfor det norske samtidsdansefeltet.

Putli er interessert i eit breitt spenn av performativitet og koreografiske problem i sitt verke. Så langt har kunstnarskapen hennar omhandla ei slags blottlegging av blackboxen, ein dissosiasjon mellom kroppen og stemma og ei de-mystifisering av den kunstnariske prosessen/ kunstnaren. Ho let seg også fascinere av konstruksjonen av koreografi – av rekkefølgja ein vel å putte noko i etter kvarandre, for så å kunne sjå akkurat kor mykje noko forandrar seg avhengig av kva det vert plassert ved sidan av.

Putli held ein master i utøvande dans frå Kunsthøgskolen i Oslo (2021) og har som utøvar arbeida med koreografar som blant anna Elle Sofe Sara (NO), Brendan Fernandes (CA) og Anna & Co (SE).

Opptredener

Fremtidige forestillinger